LØRDAG
28. SEPTEMBER
20:00

ODDNY

Kjøp billett

I nordvestlandsbygda Bremanger, heilt i havgapet, finst eit lite kvitt hus som det i periodar bur fire unge, bustete musikarar i. Der drikk dei litervis med kaffi (og det som verre er) mens musikk vert skapt, innspelt og førebudd for framføring. Desse er Iver, Oliver, Bartek og Edvard. Førstnemnde to har kjent kvarandre sidan barnehagen, og starta det musikalske samarbeidet tidleg i tenåra. Bartek og Ed kom til på vidaregåande. Sidan har bandet gitt ut fleire singlar, ein EP og hatt musikk liggande på A-lista til NRK P1 i vekevis. Ikkje minst vann dei Luttprisen 2024 i kategorien «Årets nykommar».

«Oddny har på kort tid har posisjonert seg som eit band med kvardagslyrikk på dialekt som sitt varemerke. Dei har utmerka seg med sine enkle, men treffande skildringar av både det nære kystlandskapet og storbyen sine mange utfordringar» – Juryen, Luttprisen 2024

Oddny er eit norskspråkleg mildrockfenomen som foreinar det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Det finaste finst i det uperfekte. Dette er Oddny sitt mantra.