8. DESEMBER
18:30
Time kulturskule – Ei juleforteljing
Kjøp billett“Time kulturskule si juleforteljing – Endå ei humbug-jul?”
- Eit musikkjulespel framført av elevar på musikk, song, teater og dans
- Kunstfagelevar bidreg med plakat, sceniske bilete og eiga utstilling i publikumsfoajèen
Kort om handlinga: I «Endå ei humbug-jul?» møter vi den skarptunga og arbeidsame Ebba Gnu, som ikkje har mykje til overs for jula.
Medan resten av byen kosar seg med juleførebuingar, julemusikk og familietid, held Ebba seg på kontoret sitt og meiner at alt som har med jul å gjera er rein humbug. Men korfor?
Når ei jule-ånd dukkar opp, vert Ebba tvinga til å legga ut på ei reise ho seint vil gløyma.
Historia er laust basert på Charles Dickens si kjende forteljing «Et juleeventyr» (A Christmas Carol).
Denne versjonen er skriven av dramalærar Dyveke Chr. Sæther. Medverkande forfattar er Ina Kristin Johnsen.
Plakatbilete er av kunstfagelev Vanessa Grintale.
Me ønsker hjarteleg velkommen!
