FREDAG
7. NOVEMBER
20:00

Stein Torleif Bjella – Live 2025

Kjøp billett

Etter ein eventyrleg suksess i Hver gang vi møtes, har Stein Torleif Bjella og hans makelause band fylt kulturhus og spelestader over heile landet og turneen held fram langt inn i hausten 2025. 

Vinterens turné har vore ein braksuksess, og publikum og kritikarar har vore samstemte i si begeistring – det siste halvåret har rett og slett vore ein skikkeleg opptur for visekunstnaren frå Ål. 

På denne turneen har både trufaste, og splitter nye fans fått oppleve ei ny side av Bjella. Konsertane byr nemleg på både klassikarar og nytolkingar av eigne og andre sine låtar, noko som løftar det musikalske universet hans til nye høgder. Som alltid kombinerer Bjella det ettertenksame med det hjartevarmekonsertane treff både hjarterota og dansefoten. Og ja, tradisjonen tru loddar han ut ei fruktkorg på kvar einaste spelestad. 

Med seg på vegen har Bjella sitt faste og dyktige band med Geir Sundstøl (gitar), Eirik Øien (bass), Kenneth Kapstad (trommer) og David Wallumrød (tangentar). Saman sørger dei for ei uforgløymeleg konsertoppleving. 

 

Stein Torleif Bjella fekk sitt gjennombrot med det kritikarroste soloalbumet Heidersmenn i 2009. Sidan har han gitt ut fleire prisvinnande og Spellemann-nominerte album, inkludert Vonde visu (Spellemannpris-vinnar)Heim for å døyGode Liv, Øvre-Ål Toneakademi og Nysetmåne. Han har også samarbeidd med Kringkastingsorkesteret, gitt ut eit spoken word-album, og mottatt utmerkingar som Edvardprisen og Prøysenprisen. 

Bjellas musikk kjenneteiknast av poetiske, jordnære tekstar og ei særprega evne til å treffe både bygdefolk og byfolk. Med låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann» og «Tilbake i det blå», har han skrive seg inn i den norske visetradisjonen som ei av vår tids viktigaste stemmar. 

 

I tillegg til musikken er Bjella ein anerkjend forfattar, med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset, som vann Nynorsk Litteraturpris og blei nominert til P2-lytternes romanpris. Bjellas musikk har også inspirert teateroppsetjingar, som Kan nokon gripe inn og Heil ved, sistnemnde framleis på repertoaret ved Det Norske Teatret. 

Stein Torleif Bjella – Live 2025 lovar fleire konsertar, fleire historier og fleire fruktkorger. Dette vil du ikkje gå glipp av!