MANDAG
14. SEPTEMBER
14:00

Gyldne øyeblikk: Kjell Inge Torgersen

Kjøp billett

Sola, Time og Klepp kommunar, i samarbeid med Rogaland fylkeskommune, ønsker velkommen til «Gyldne øyeblikk», ein gratis kultur- og konsertserie for seniorar i Sola kulturhus, Storstova og Plogen kulturhus.

I den andre konserten i serien får me besøk av Kjell Inge Torgersen.

Kjell Inge Torgersen er ein kritikarrost songar, komponist og tekstforfattar frå Stavanger. Han er blant anna kjend frå ei rekke songar som jamleg vert spelt på radio, og på scena er han ein sterk og nær formidlar, med stor stemme og lun humor. 

I konserten får du høyra radiokjenningar som han har stått bak, som f.eks. «Aks av gull», P1+-hiten «Gnist» – og den mykje NRK-spelte «Eg fant ein ring». Nokre fine, gamle viser vil òg dukka opp – og kanskje får me tilløp til allsong!

Men Kjell Inge er òg glad i tekstar og vil derfor òg både lesa litt for oss og fortelja gode historiar. Ein variert konsert, der dei norske tekstane står i sentrum, og kretsar rundt kjærleik, lengsel, glede og livet slik det levast.

Og så du TV på 90-talet, hugsar du kanskje at Kjell Inge vann talentkonkurransen «Stjerner i sikte» og tok tredjeplassen i den europeiske finalen? Han har òg mottatt Rogaland fylkeskommune sitt kulturstipend, Tekstforfatterfondet sitt arbeidsstipend tre gonger og støtte frå Komponistenes vederlagsfond.

Velkommen til nokre «gyldne øyeblikk» i Storstova!

PS: Konserten er gratis, men alle må henta ut gratisbilletter via lenka over, så me har kontroll på kor mange som kjem.