8. OKTOBER
19:00
Britt-Synnøve Johansen – Kveldslys
Kjøp billettKVELDSLYS
Konsert med Britt-Synnøve Johansen
Og samtale med Tom Hetland frå scena
Ei av Noregs vakraste stemmer er med nytt album. Britt-Synnøve Johansen slapp si nye kritikarroste utgjeving «Kveldslys» i januar. Den 8. oktober kjem ho til Storstova.
«Kveldslys». Smak på ordet: Det går mot kveld. Det mørknar. Men det finst framleis lys. Eit lunt, mjukt lys.
Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler.
På «Kveldslys» er stemninga rolegare, tekstane modne, vemodige og ettertenksame.
Men varmt og uendeleg vakkert er det framleis.
Som ein kveld i lunt lys.
«Kveldslys» er eit sårt, nært og ærleg album. Melodiane er skrive av hennar etter kvart faste komponist, Ragnvald Wernøe (Ledar av Hå kulturskule). Tekstane har ho også denne gong skrive sjølv. Personlege, men lett gjenkjennelege for alle.
Og korleis ho går fram når og skriv, kva som driv ho, kvifor ho skriv om det ho gjer, det skal me få eit djupdykk i denne dagen i ein eksklusiv samtale frå scena mellom Tom Hetland og Britt-Synnøve.
Britt-Synnøve er kjent for å bergta dei som kjem for å høyra på henne. Med «Kveldslys» er ho igjen klar for å dele songar og historiar me alle kan kjenne oss igjen i.
Musikarar:
Rasmus Solem: Piano
Magnus Rød Haugland: Kontrabass
Arrangørar:
Senioruniversitetet og Storstova
