20. OKTOBER
19:00
Elias Akselsen
Kjøp billettHar du ein gong vore på konsert med Elias gløymer du det aldri. Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og høyrer til den eldste generasjonen som har taterkulturen i blodet; både den musikalske kulturen og handverkstradisjonane med knivarbeid og vispelaging. Rundt bålet lærte han tatervisene og dei religiøse visene som var brukt i generasjonar. I ungdomsåra budde han også i Sverige og samarbeidde med mellom anna Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström. I dag er Akselsen evangelist i pinsekirka, og mange av platene hans har ei religiøs vinkling.
Med si særeigne stemme og utstråling er Akselsen den fremste representanten for romanifolket sin rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Han har vunne mange prisar for musikken sin både i eige namn og gjennom samarbeida han har hatt med framståande musikarar som Stian Carstensen og Ola Kvernberg.
Akselsen har ikkje spela i Rogaland på fleire år, og dette vert hans einaste opptreden her i 2026, så på alle vis vert dette ei oppleving av dei sjeldne.
