TORSDAG
11. JUNI
13:00

Gyldne øyeblikk: Torolf Nordbø

Kjøp billett

Sola, Time og Klepp kommunar, i samarbeid med Rogaland fylkeskommune, ønsker velkommen til «Gyldne øyeblikk», ein gratis kultur- og konsertserie for seniorar i Sola kulturhus, Storstova og Plogen kulturhus.

I den fyrste konserten i serien får me besøk av Torolf Nordbø, som òg er kjend som «Han Innante».

Det er nå rett over 200 år sidan den fyrste organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika. Den vart organisert av Cleng Peerson (fødd Tysvær – budde i Tysvær, på Finnøy og i Amerika) og Lars Larson Geilane (budde bl.a. på Jæren og i Amerika). Familien til Torolf Nordbø var med i fire ulike utvandringsbølger til ulike delar av Amerika gjennom 200 år, og dette er temaet for kvelden.

Me får viser, humor, historie og kanskje til og med allsong. Mellom songane serverer Nordbø spennande historier frå si eiga slekt.

Velkommen til nokre «gyldne øyeblikk» i Storstova!

PS: Konserten er gratis, men alle må henta ut gratisbilletter via lenka over, så me har kontroll på kor mange som kjem.

Torolf Nordbø/Han Innante har vore med på fleire TV-program på NRK: ”Sanger om Norge”, ”Sommerbåten” m/ Tore Strømøy, “Beat for Beat”, “Norgeskysten”/”Hvor fartøy flyte kan” /”Norgeskysten”/ ”SommerDag” med Dag Lindebjerg, og i 2014 var han med i «Norske Talenter» på TV 2. Han har gjeve ut åtte album, bl.a. med Rita Eriksen, Rita Fotland, Britt Synnøve Johansen, Knut Reiersrud og Sondre Bratland, og har hatt revyar saman med bl.a. Steinar Albrigtsen, Rita Fotland, Gunstein Draugedalen, Jon Niclas Rønning og Rune Andersen. Nordbø har òg gjeve ut fire humorbøker på Det Norske Samlaget, og er mottakar av Rogaland Mållags sin kulturpris.