TORSDAG
8. OKTOBER
19:00

Britt-Synnøve Johansen – Kveldslys

Kjøp billett

KVELDSLYS
Britt-Synnøve Johansen

Tekstar: Britt-Synnøve Johansen
Melodiar: Ragnvald Wernøe

Ei av Noregs vakraste stemmer er snart ute med nytt album. No kjem Britt-Synnøve Johansen til Storstova.       .

«Kveldslys». Smak på ordet: Det går mot kveld. Det mørknar. Men det finst framleis lys. Eit lunt, mjukt lys.

Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler. 

På «Kveldslys» er stemninga rolegare, tekstane modne, vemodige og ettertenksame. 

Men varmt og uendeleg vakkert er det framleis. 

Som ein kveld i lunt lys.

 

«Kveldslys» er spelt inn i live i studio med særs dyktige musikarar. Det er eit sårt, nært og ærleg album. Sjangermessig er dette norske viser, men albumet strekker seg samtidig mot både franske chansons, jazz og americana. 

Britt-Synnøve er kjent for å bergta dei som kjem for å høyra på henne. Med «Kveldslys» er ho igjen klar for å dele songar og historiar me alle kan kjenne oss igjen i. 

 

Musikarane:

Rasmus Solem: Piano

Magnus Rød Haugland: Kontrabass