TORSDAG
23. APRIL
20:00

Vilde Bye i Litlastova

Kjøp billett

Vilde Bye er ung og framstormande artist frå Tromsø som allereie har markert seg tydeleg, både i heimfylket og elles i landet. Både debut-EP-en hennar frå 2022 og det Torgeir Waldemar-produserte debutalbumet frå 2024 fekk strålande kritikkar i både riksdekkande og lokale medium som Dagsavisen, Klassekampen, VG, Musikknyheter og iTromsø. Plata hamna òg på ei rekkje årslister der musikkjournalistar oppsummerte plateåret 2024.

Det neste albumet hennar er spelt inn i Egersund, med Frode Strømstad (I Was A King, Tønes, Beachheads) som produsent, og vert sleppt 20. mars 2026.

I mellomtida har ho også gitt ut ein splitsingel med Dag Vagle, laga filmmusikk og sleppt ei live-EP frå Blårock i Tromsø – alt tilgjengeleg på straumetenester.

Vilde har gjort ei mengd konsertar på klubbar og festivalar over heile landet, og har vore support for fleire nasjonale storleikar og internasjonale artistar. Både releasekonserten på Blårock i 2024 og konserten hennar under Buktafestivalen i Tromsø i 2025 fekk terningkast 6 av Bladet Nordlys. Her vart ho samanlikna med namn som Adrianne Lenker og Townes Van Zandt – ei fjør i hatten for ein ung artist på veg opp.

Sidan den gong har ho turnert tett, frå små bygder til dei største byane, og ryktet om hennar utrykksfulle og inderlege konsertar har spreidd seg over landet, og her i distriktet godt hjulpe av fleire opptredener på Egersund visefestival. På scena er ho både nær, rå og presis – med ei formidlingsevne som grip publikum umiddelbart. Ho vekslar elegant mellom det vare og det kraftfulle, og skapar ei atmosfære som både samlar og rører.

Utvalgte sitater

En konsert som rører hjertet til sørgelig arytmi
Nordlys, Buktafestivalen 2025 (6/6)

Tromsøværingen Vilde får et publikum som spiser ut av hånden hennes der hun står med gitaren og synger med sin svært spesielle og vakre stemme.
Musikknyheter (Parkenfestivalen 2022)

Vilde Bye er en eiendommelig og dyktig artist med en tydelig retning og med integritet, sin unge alder til tross, og kanskje det mest spennende navnet fra Nordens Paris på lange tider.
Popklikk

Låten «Sick of It» er rolig melankolsk countrylåt med en vokal som er nedpå, men likevel herlig mektig. Det hele er produsert av Torgeir Waldemar Engen, og vi anbefaler å sjekke ut resten av Byes debutalbum også.
Aftenposten (5/6)

Alt i alt har Vilde Bye laget et rolig, balansert verk som kler henne, stemmen hennes og den forestående høsten
Klassekampen (4,5/6)

I am sincerely blown away by Vilde’s voice and music. It is lovely and lonely and haunting
Greg Cartwright, Reigning Sound

Den vakreste av debuter. Vilde synger som en heltinne
The Wilhelmsens (6/6)

Akkurat hvordan Vilde Bye drar de mest nervepirrende øyeblikkene i land, er noe som kommer til å forbløffe meg i mine eldre år
Nordlys, releasekonserten, Blårock 2024 (6/6)

Om det virkelig er «colder», er det på grunn av gåsehuden
Musikknyheter (9/10)