LØRDAG
7. NOVEMBER
20:00

Silo & Saft – musikk og gode historiar igjennom 25 år

Få billetter
Kjøp billett
 
 
 

Opplev ein unik kveld med med fantastiske historiar fra fjos og traktorkjøring på Jæren, spesielt inviterte gjester og opplevelser fra Usa-turneen. Her får du oppleva Silo Saft sine beste låter, kanskje ein ny hit, og historiar som bringer frem ein god latter 

Silo & Saft er eit band frå Varhaug som spelar jærsk viserock. Bandet starta i det små i 1999 og gav ut maxisingelen Fyssteslåtten. I 2001 vart fullt band etablert, og etter kvart kom den første LP-plata, Aenslåtten. Bandet har gitt ut følgjande album: Fyssteslåtten, Aenslåtten, Langs 44, VSOP og Samleslåtten.

Bandet har store lyttartal på Spotify, og musikken har blitt allemannseige på Jæren og omegn. Musikken går vidare gjennom generasjonar og er i dag minst like populær som for 20 år sidan. Bandet sine mest kjende låtar er Langs 44, Skjævelandsbrunå, Traktor, Aenslåtten og Samdrift. Det blir alltid topp stemning når Silo & Saft står på scena!

Når dei kjem til Storstova denne dagen har dei akkurat kvitta seg med jet-laget etter haustens USA turne, så forvent både eit band i storform og med nye skrøner!