LØRDAG
19. MARS
21:00

Valkyrien Allstars

Kjøp billett

Valkyrien Allstars er her enda – Takk og pris!

 

Valkyrien Allstars er kjent som eit av landets beste liveband, og har sidan sin første album i 2007 gått i bresjen i utviklinga av arrangert folkemusikk.

Bandet har dratt i nye retningar for kvar utgivelse det har sluppe, og har enda opp med eit særeige uttrykk dei ikkje deler med nokon.

 

Siste studioalbum,«Slutte og Byne», vant Spellemannsprisen 2020 i kategorien Vise, og liknar mistenkelig på pop-musikk.

For den observante lyttaren vil det likevel vera tydelege henvisningar til norsk tradisjonsmusikk. 

Tittelsporet med same namn vart raskt nærast eit mantra for folk fra sør til nord, og med strålande kritikkar frå landets største medier, hylla som eit av årets beste album på de fleste lister, kan me endeleg få høyra det frå scena.

 

Bandet  består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr, Erik Sollid og Martin Langlie, som saman lager og arrangerer låtane som blir ein evig kjærleik og mysterie som aldri vert løyst.

Her vankar energi, inderlighet, overraskande vendingar på ei seng av det som vanskeleg lar seg simulera: gnistrende samspel.

 

Musikkmagasinet/ Klassekampen – Tore Renberg: «Et mesterverk» (Månedens album i oktober)

 

Romsdals Budstikke – Tor Hammerø (Terningkast 6)

«Tøft, upolert, inderlig og ekte»

 

Dagsavisen – Mode Steinkjer (Terningkast 5)

«Forener det beste fra mange verdener»

 

Aftenposten – Eivind August Westad Stuen (Terningkast 5)

«Folkemusikk for fremtiden»