TIRSDAG
18. APRIL
20:00

Significant Time – «Vossastubbar» // Jæren jazzklubb

Kjøp billett

I 2017 skreiv Significant Time ny musikk på oppdrag frå festivalen Vossajazz, der bandet valgte å ta utgangspunkt i den folkekjære diktaren Per Sivle sine «Vossastubbar». Resultatet blei ein sprø og festlig, sart og fin, lun og leiken, bluesaktig og folkemusikkaktig konsert, ei urframføring som endte i ståande applaus og 5 av 5 smalahovud i Hordaland Avis. Nå er musikken spelt inn, «Vossastubbar» kjem ut 1. april og me får besøk på bandets releaseturne!
 
Significant Time, med Vestlybuen Signe Irene Time på vokal, har dei seinare åra blitt ein viktig eksponent for moderne jazz og improvisasjonsmusikk i og frå Rogaland, med opptredener på fleire av de største jazzfestivalane i landet. Utgivelsen «Regnbueponniens significante påskesang» fekk særlig gode kritikker, og i 2017 representerte de Norge under 12Points-festivalen i Århus, og Vossajazz  kalla bandet «eit av dei mest spanande unge banda på den norske jazzscena for tiden», 
 
Per Sivle (1857-1904) som har skrive alle orda i musikken, blei født i Flåm i Sogn og Fjordan. Av hans kjente tekstar kan ein eksempelvis nevna «Berre ein hund», «Den fyrste song» og «Vesle lerka».
 
Øyvind Dale – piano
Signe Irene Time – vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – bass
Raymond Lavik – trommer
Ida Løvli Hidle – akkordeon
Marius Klovning – gitarar