TORSDAG
22. SEPTEMBER
18:30

Rita Fotland og Kåre Bø

Kjøp billett

Støtt demensaksjonen!

Jæren demensforening inviterer til konsert med Rita Fotland og Kåre Bøe i Storstova. 

Overskuddet av konserten går til demensforskning.

Om Rita Fotland og Kåre Bøe: 

Me er eit ektepar som bur på Jørpeland. Eg, Rita, er jærbu frå Fotland i Time, og Kåre er opprinneleg strandbu. Me har spelt saman i snart 20 år, og var musikarar på kvar vår kant før. 

Eg begynte å spela trekkspel som 6 åring, sjølvlærd, med far som læremeistar. Kåre begynte også med musikk i tidleg alder, han og med ein trekkspelande far.

Me er aktive musikarar som spelar frå dansetilstelninger til underhaldning på sjukeheimar og institusjonar .

Då pandemien starta, begynte me å streame frå stova heime på Jørpeland.

Dette har vorte ein stoooor suksess!

Me har passert 3,8K inne under direktesendingane våre, og sendingane har nådd langt over fleire millioner visninger.

Me har ein lett,humoristisk tone, og ein slags «kom som du er»-strategi. 

Me spelar god,gjenkjennbar dansebandmusikk, og andre «svisker».