TORSDAG
4. APRIL
19:00

Nils Økland og Sigbjørn Apeland duo // Litlastova

Kjøp billett

Nils Økland (feler) og Sigbjørn Apeland (trøorgel) har spelt saman i fleire tiår. Saman har dei også vunne ein Spellemannpris og skaper lågmælt og vedunderleg musikk i krysningspunktet mellom folketonar, jazz, og klassisk. Me gler oss til å få oppleva denne unike duoen i ein intim setting på i Storstova. Dei er svært samkjørte og samspelte etter meir enn 30 års samarbeid, ei rekke plateinnspelingar og lange turnéer i inn- og utland.

 

Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. 

Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.

 

NILS ØKLAND & SIGBJØRN APELAND | Bergen Jazzforum (youtube.com)