ONSDAG
12. MARS
19:00

Malmin med Åshild Vetrhus // Litlastova

Kjøp billett

Malmin spelar folkemusikk og byr på alt frå springarar og hallingar til slåttestev og religiøse folketonar frå Suldal og Bjerkreim. I mars kjem dei på turné med ny plate. Duoen Malmin består av dei to erfarne musikarane Olav Christer Rossebø og Anders Sundsteigen Hana. Med seg på den nye plata og på sleppturné har dei kvedar, Åshild Vetrhus frå Suldal. Ho er kjend frå trioen Tindra, julesalmeprosjektet «Frå høge himmel» og «Hjem jeg lenges» med Andreas Ulvo og Solbjørg Tveiten. Som duo hadde Malmin hovudfokus på dansemusikken. Med Åshild på laget, har den musikalske horisonten blitt utvida og inkluderer nå òg den religiøse musikken, spesielt ifrå Ryfylke. Trioen har gjort mykje arbeid med arkivopptak og har latt seg inspirera av den gamle tonekjensla. Denne konserten kjem til å innehalda tonesteg som ligg utanfor det tempererte system, eller dei tonane ein vanlegvis får fram på eit piano. Rossebø og Hana trakterer mikrotonale instrument og saman med Åshild prøvar dei å mana fram dei gamle tonane frå ei svunnen tid.

Olav Christer Rossebø er kjend frå band som Lady Hardanger, Frøkedal og familien og Bergen Mandolin band.
Anders Sundsteigen Hana er kjend frå Naaljos Ljom og The End, og han driv også folkemusikkserien «Gorrlaus» i Stavanger. 

Denne kvelden får ein sjansen til å høyra eit breitt spekter av folkemusikken frå Rogaland. 

Litlastova er når Storstova arrangerer konsertar i smalare sjangrar, og lagar ein meir intim setting rundt konsertane.

 

Anders Sundsteigen Hana – langeleik, munnharpe, mikrotonal gitar
Olav Christer Rossebø – fele, hardingfele, mikrotonal mandolin
Åshild Vetrhus – vokal

Her kan du lesa og høyra meir om albumet som kjem

Rogalendinger starter plateselskap for norsk folkemusikk – FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans

 

OBS! Dei første 15 som kjøper billett får «Suldalsbete» inkludert i prisen 🙂