FREDAG
12. NOVEMBER
20:00

Malin Pettersen – Wildhorse Dream. Support: Johnny Red

Kjøp billett

Malin Pettersen har lenge vore ein snakkis i norsk country/americana miljø, som vokalist i bluegrassbandet Lucky Lips. Så fekk ho ein Spellemannspris for solodebuten i 2018, og etter rosande omtale for albumet Wildhorse (2020) og merksemd frå b.l.a. BILLBOARD, Rolling Stone og Forbes magazine ser ho ut til å etablera seg internasjonalt også! Dei som kjenner Malin veit at det er stemma hennar som dreg deg inn, men det er songane som held deg der. Ho kjem til Storstova med fullt band av landets fremste musikarar.    

Høyr meir på Malin her: https://www.youtube.com/watch?v=x3X_8KWM3Qw 

 

Johnny Red, døypt John Gravdal, tek med seg sin akustiske gitar og syng om dei store tema – kjærleik, tru og død. Saman med bandet The Prayerhouse People lagar han musikk i spennet mellom bibelbelta i Amerika og søre Hå, og dei har gitt ut tre solide album som haustar mykje lovord anten musikken vert kalla americana, roots, eller sørstatsrock. Me er svært glade for at John stiller som «oppvarming» og at me får ein flott heilaftens country-kveld! 

 

Høyr Johnny Red & The Prayerhouse People her: https://www.youtube.com/channel/UCzin0RpfeL2A1rs5fY-Z7vw