FREDAG
26. MAI
20:00

Lilja – releaseturne

Kjøp billett

Lillja, eit band forankra i den norsk-islandske frontfiguren – gitaristen, songaren og komponisten Oddrun Lilja Jonsdottir har erobra den norske jazz- og verdsmusikkscena dei siste åra. Mange la fyrst merke til ho i Bugge Wesseltoft si nyaste utgåve av New Conception of Jazz, men det er med bandet LILJA har ho fått utløp for mange av sine nyskapande og særeigne musikalske idear.

I albumteksten til LILJA-debuten Marble (2020) – som Dagsavisen gav seks stjerner og kalla «en liten sensasjon» – fortel ho om sine reiser: Ho har spelt med sirkusartistar i Etiopia, raga-musikarar i India og Nepal, gnawa-musikarar i Marokko og jazzmusikarar i New York og Paris, mellom anna. Dei mangslungne musikalske erfaringane høyrer ein godt i musikken hennar – ho har ein unik og allsidig spelestil, krydra med inspirasjon frå alle verdshjørne.