TORSDAG
28. OKTOBER
11:00

Kva skjedde med jødane på Jæren under 2. verdskrig? Foredrag med Ine Fintland

Kjøp billett

Alle veit at mange norske jødar, også frå Rogaland, blei drepne i Tyskland under krigen. Det ikkje så mange kjenner til, er at det norske samfunnet og dei lokale styremaktene kort tid etter at jødane var sende ut av landet, faktisk aksepterte at dei aldri ville koma tilbake hit. I dette føredraget skal vi følgja nokre av dei som var busette i Sør-Rogaland, mellom andre familien Becker som var busett på Bryne. Vi skal også få eit innblikk i korleis ein gjennom å kombinera ulike skriftlege kjelder, som arkivmateriale, aviser og litteratur, kan laga ganske så sannferdige forteljingar om liva til einskildmenneske

Ine Fintland er førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger. Ho er utdanna lektor med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Dei seinare åra har ho arbeidd mykje med bruk av arkivkjelder i forsking og undervising.

 

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.