14. SEPTEMBER
19:00
Jubileumskonsert med Hilde Selvikvåg, Terje Winterstø, Lappeteppe m.fl.
Kjøp billettI 1964 opna Bryne kino. Nå, 60 år seinare, kjenner de bygget som Storstova. Me vil feira jubileet med flotte jærske artistar – Terje Winterstø Røthing med Skambankts beste ballader, vakker visepop ved Hilde Selvikvåg, frå den sterke visetradisjonen i Hå kjem Lappeteppe, Magnus Staveland – Jærens store tenor – kjem, og det blir frisk jazz med Signe Irene Time.
Bli med på ein festaften!
Magnus Staveland, tenoren frå Bryne, har gjort internasjonal karriere som konsertsongar og operasongar. Magnus er nærast å rekna som Storstova sin eigen julakonsertgeneral, kvar jul i mange år har han besøkt Storstova saman med Tenorane.
Magnus har vore engasjert ved Teatro alla Scala i Milano, La Fenice i Venezia, Det Kongelege Teater i København – lista er lang, og sidan 2021 har han hatt fast tilhold som solist ved den Norske Opera.
Terje Winterstø Røthing frå Klepp har ein fot i kvart av dei største rockebanda me har her til lands. Som låtskrivar og vokalist i Skambankt og gitarist i Kaizers Orchestra har han ikkje bare spelt på alle dei største scenene i Norge, men også utanlands. Han vil framføra nokre av sine sterkaste songar og kanskje får me også høyra noko nytt materiale som han skriv på til eit komande soloprosjekt.
Hilde Selvikvåg syng popmusikk på klingande jærdialekt og har raskt etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsnominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar på høg rotasjon på NRK sine radiokanalar. Med fengande songar som “Karusell” og “Fryd” har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger. Ektefølt og nært formidler ho tekstane sine slik som berre ho kan, og framkaller latter så vel som tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne.
Plata «Lappeteppe» med tekstar av Tobias Skretting og melodiar av Torstein Obrestad kom ut i 2001, og ho har snurra i svært mange rogalandsheimar sidan då. Dei jordnære dikta til Skretting har vorte ein del av den lokale kulturarven, og melodiproduktive Obrestad og gruppa hans rammar dei inn i eit tidlaust musikalsk lydbilde. Dette gjentok seg i utgjevinga «Lappeteppe 2», før dei i 2010 gjorde ein vri med albumet «Månesyll & tonegull» der dei brukte tekstar av Torvald Tu. I Storstova får me høyra Lappeteppe i kvartettversjon:
Anita Bekkeheien – Sang
Oddvar Berentsen – bass og sang
Torstein Obrestad – piano og sang
Gunnar Tønnesen – gitar, fele, tres og sang
Signe Irene Time frå Nera Time skal saman med tre andre musikarar framføra musikk skriven av Time sjølv. Signe Irene arbeider som vokalist og komponist i ei rekke band og ensembler både lokalt og nasjonalt. Ho er tildelt Stavanger Kommunes kunstnerstipend to ganger, vore Spellemannsnominert og fått UiS sin Musikerfonds-pris. Etter over 15 år i Stavanger, har Signe Irene no flytta heim til Bryne.