FREDAG
10. JUNI
16:00

Jæren Symfoniorkester 40 års jubileum

Utsolgt
Kjøp billett

Jæren symfoniorkester vart stifta i 1982 og feirar 40 årsdag i år. 11.juni inviterer orkesteret til sin jubileumskonsert i Storstova. Berit Mæland skal vera solist i anledninga.

Om orkesteret.

Jæren Symfoniorkester er eit interkommunalt samarbeid mellom jærkommunane Klepp, Time og Hå. Medlemmane kjem både frå Jæren, Nord-Jæren og Dalane. Orkester er både eit tilbod til

kulturskuleelevar som har kome opp på eit tilstrekkeleg nivå og vaksne amatørmusikarar som ønskjer å spele i eit symfoniorkester. Seks kulturskulelærarar frå jærkommunane speler i orkesteret. Dette samarbeidet inngjekk orkesteret med kulturskulane sommaren 2019. Lærarane blir ei god stamme i orkesteret i tillegg til å vere ein ressurs og bindeledd for kulturskuleelevar i orkesteret. Gruppeleiar på storstryk er tilsett av orkesteret. Dirigentane dei siste åra har ofte vore på prosjektbasis, og gjerne studentar frå dirigentutdanninga ved UiS. I 2005-16 var Timothy Miller fast dirigent, og 2019-20 var Christopher McMullen-Laird fast tilsett før han dessverre brått døydde.

 

Om Berit Mæland.

 

Berit Mæland starta som den høgre handa til faren sin når han var toastmaster under bryllaup. Seinare vart det gospel og kor, inntil ein oppmerksam lærer på ungdomsskulen anbefalte henne å få privatundervisning i song. For underhaldning song ho gjerne både jazz, rock og blues, men den klassiske musikken hadde hovudfokus. Mæland vann ein stor talentkonkurranse i Klepphallen i 1987, og fekk prisen utdelt av Sissel Kyrkjebø. Seinare gjekk ho til Landsfinalen i Ungdommens kulturmønstring saman med Bodil Arnesen. I 1990 deltok ho på NRK-programmet «Talentiaden». Berit Meland, som ho heiter i utlandet, forsvann frå Rogaland kort tid etter at ho var ferdig med Lundehaugen vidaregåande. Ho kom inn på Noregs musikkhøgskule i Oslo, men valde heller musikkonservatoriet i København. Seinare tok ho Operaakademiet i same by og var ferdig utdanna operasongar allereie som 25 åring. Så følgde mange år med operaroller i Danmark, spesielt i Århus. Ho song mellom anna i «Den glade enka», «Carmen», «Smilets Land» og var *Marilyn Monroe i «The Grinning at the Devil». I tillegg kjem ein haug med moderne operaer. Ho har òg vore solist med alle dei store orkestera i Danmark og har òg hatt store konsertar med Stavanger Symfoniorkester.