FREDAG
19. JANUAR
19:00

Haugtussa – av Edvard Grieg og Arne Garborg // Garborgdagar

Kjøp billett

Velkommen til Griegs Haugtussa, med ei ny samansetjing av Garborg sine originale tekstar. 

Arrangementet opnar Garborgdagar 2024. Opningstale ved Brynjulf Jung Tjønn, leiar av Den norske forfatterforening.

Fredag 19. januar får me storslått besøk av ein av norsk teaterlivs grand old men: Ola B. Johannessen. Han representerer nærast ein institusjon innan skodespelarkunst for mange, og har vore teatersjef og sceneinstruktør ved fleire av dei større, norske teatra. På denne konsertframføringa blir eit rikt utval av Arne Garborg sine originale tekstar om Haugtussa presentert.

Saman med Olas unike og virtuose resitasjon får me høyra sopran Eir Inderhaug og pianist Thormod Rønning Kvam sin gripande tolking av den musikalske Haugtussa, op. 67, signert av Edvard Grieg. Framsyninga er ein del av ein større jubileumsturné som markerer både at det i 2024 er 100 år sidan Garborg si bortgang og at Ola B. Johannessen fyller 85 år i mars. 

Om Haugtussa: 

Med eit så tidlaust, gripande og vakkert verk som Haugtussa, er det av og til lett å høyra det som berre musikk, der teksten er kulisse for Grieg sine klangar. Denne konsertframføringa gjev ei unik moglegheit til å oppleve musikken med Garborg sin storslagne tekst som sjølve utgangspunktet – den som i si tid bergtok Grieg fullstendig. Om «Tussa» sa han: «Det er en helt genial bok hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver bare å skrive den ned.» 

Og det gjorde han; melodiane berre trilla ut på notepapiret. Syklusen inneheld nokre av Grieg sine vakraste og mest kjente songar. Men det var ikkje alle delane av verket Grieg var like interessert i. Det er ei viss slagside mot naturmystikk og kjærleiksmotivet i utvalet hans, medan mange av dei andre temaa i Garborg sin tekst hamnar meir i bakgrunnen. Dette rår Ola B. Johannessen bot på med si bearbeiding, der me blir ført mellom Garborg og Grieg sine versjonar av historia om den synske Veslemøy. 

Programnote av Eyolf Østrem / Thormod Rønning Kvam, september 2023. 

VARIGHET

Ca. 1 time 10 minutter

Velkommen til en eventyrlig opplevelse i Storstova!