TORSDAG
4. NOVEMBER
19:00

Ein kveld med Tore Renberg og Hillevågsgjengen

Kjøp billett
Ein kveld med Tore Renberg – Duo
 
Etter braksuksessen med fjorårets Tollak til Ingeborg, løyser Stavanger-forfattaren handbrekket for eit etterlengta nytt bind i Teksas-serien. I dette originale universet overumplar Tore Renberg med empatisk, humoristisk og freidig penn i det han fører oss inn i Stavangers skuggesider.
 
Publikum veit at å sjå Tore Renberg live er ei oppleving ganske utanom det vanlege – her vert opplesing, standup og musikk blanda i ei særeigen form, kor både latter, ettertanke og tårer får sin plass. Velkommen til ein annleis kveld med Tore Renbergs Tekstbehandlingsduo.
Gitar: Aleksander Flotve
Om forfattaren:
Tore Renberg (f. 1972) er ein eineståande forfattar i norsk litteratur. Han har eit uvanleg litterært spenn og har gitt ut ei rekke bøker som både er kritikerfavorittar og som har blitt folkelesnad; som romanane om Jarle Klepp, Du er så lys (2016) og Tollak til Ingeborg (2020), og ikkje minst den sjangeroverskridane Teksas- serien.
Renberg debuterte i 1995 med Sovende floke, som han mottok Tarjei Vesaas`debutantpris for. Han har motteke Bokhandlerprisen to gonger, P2-lytternes romanpris, Nynorsk litteraturpris og har lesarar i 18 land.