LØRDAG
25. JANUAR
20:00

Der draumar sviv – Jorunn Undheim og Bjørge Verbaan

Kjøp billett

Opninga av Garborgdagar 2025   

Her får du høyre Haugtussa i nye tonar – av komponist Bjørge Verbaan og songar Jorunn Undheim – med band. 

Det blir urframføring av nye tonsettingar frå Haugtussa, i tillegg til dei tidlegare tonsette dikta frå albumet «Der draumar sviv»  

Songane leikar seg i eit akustisk viselandskap, kor gamle tradisjonsrike folketoneinstrument møter populærmusikk og improvisasjon. 

Haugtussa er skriven på Jæren, heimplassen til songar Jorunn Undheim. Ho vaks opp i Veslemøy sitt rike, på garden kor diktarstova Knudaheio ligg, og i naturen som vert skildra av Garborg. Gjennom musikken og ikkje minst, Sigbjørn Reime sin språkmoderniserte tekst, presenterer dei ei Haugtussa for vår tid.  

Til Storstova kjem det eit stjernelag av norske musikarar: Tarjei Nysted (nøkkelharpe, fiolin, perkusjon), Kjell Harald Litangen (gitarar), Sondre Meisfjord (kontrabass), Christian Svensson (slagverk), Bjørge Verbaan (tangentar) og Jorunn Undheim (vokal)