25. JANUAR
19:00
Avlyst – Hva er å komme hjem – Vigdis Hjort – Garborgdagar
Kjøp billettArrangementet er avlyst og billettar refunderte. NB! Refusjon kan ta ei vekes tid, og summen legg seg kanskje til kjøpsdatoen.
Hva er å komme hjem
Opningsforedrag ved Vigdis Hjorth
Fire år etter den opprivande debatten om røyndomslitteratur i kjølvatnet av romanen “Arv og miljø” (2016) fortset Vigdis Hjorth å utforska forholdet mellom mor og dotter i sin nyaste roman, “Er mor død”. I romanens kolofon er Arne Garborgs roman “Den bortkomne faderen” oppgitt som inspirasjonskjelde. I foredraget “Hva er å komme hjem?” snakkar ho om “Er mor død” i lys av Den bortkomne faderen og Henrik Ibsens drama “Samfunnets støtter”.
Hjorth har stått fram som ein av dei mest markante forfattarane i vår tid og har vunne mange prisar for forfattarskapen sin. Romanen “Arv og miljø” vant Bokhandlerprisen 2016, og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.I Noreg er boka trykt i eit opplag på over 150 000 eksemplar, og ho er seld til heile 27 land..
Ordførar i Time kommune Andreas Vollsund står for offisiell og høgtideleg opning av Garborgdagar.