TORSDAG
30. MARS
18:00

«Alt va bære før!» – 10.trinnprosjekt 2023

Kjøp billett

Du er sikkert ein av dei som har høyrt vaksne fortelje om at alt var betre før. Då dei var barn og ungdomar sat dei te dømes ikkje med mobilen i handa heile dagen. Dei var ikkje avhengige av skjermar – dei var meir ute – dei var i betre fysisk form – dei jobba for å tene eigne pengar – og dei sykla i staden for å bli køyrde til og frå dersom dei skulle ut på noko.

Årets 10.trinn-føresilling og ungdomsmusikal er, som tradisjonen tru, spesial-laga av elevar og lærarar ved kulturskulen. Med nytt, unikt og dagsaktuelt innhald har produksjonen fått tittel «Alt va bære før! – og oppsettinga set lys på nettopp denne problemstillinga.
Vi inviterer deg som publikum med til å sjå tilbake i tid og til å oppleva korleis det var då foreldre dine var ungdomar. Det kan jo også vera slik at det syner seg at dei vaksne hugsar feil, og at det slett ikkje var betre før?

På scenen møter du årets 10.trinn-kull som er elevar på ulike fag i kulturskulen. Dei utøver song, musikk, dans og teater i ei samla musikal-førestilling. Både handling og musikkinnslag er sett saman etter innspel frå elevane sjølv. Dei har deltatt i idèskaping og manusarbeid, og dei har øvd og fått instruksjon av lærarane sine over lengre tid. Denne musikaloppsettinga er unik – spesielt skapt for, og gjennomført av, 10.trinnkullet i Time kulturskule 2022-2023.   

Velkommen på førestilling! – Me både trur og håper at dette vert kjekt!