"Klasserom" tverrfagleg førestilling teater, dans kunstfag


Henter programmet...

Time kulturskule har gleda av å invitere til en tverrfaglig produksjon mellom teater, dans og kunstfag.

Vi har denne hausten og vinteren jobba med ei førestilling med mobbing som tematikk.

Førestillinga heiter «Klasserom» og reflekterer rundt ulike spørsmål knytta til mobbing.

Målgruppa er både ungdommar på ungdomsskolen, samt viktige vaksne som står rundt ungdommane.

Dette er ei «undersøkjande førestilling» der elever og lærar i ein prosess har undersøkt ulike aspekt ved mobbesituasjoner. Kven mobber? Kvifor? Kva konsekvenser kan det få? Kva er mobbing? Kven blir mobber? Kan man mobbe utan at man veit det?

Ungdomsgruppa på teater og lærere, Karin Hodne og Maren Idsø Rennemo

Dansegrupper med lærer Cecilie Hadland

Kunstfagelever med lærer Sissel Ruud