SØNDAG
28. SEPTEMBER
19:00

Vennskapskunst

Kjøp billett

«…det gjør godt at faa se og forstaa et andet menneske.»

Arne Garborg og målaren Kitty Kielland var nære venner. Deler av breva dei sende til kvarandre er samla i boka Brevveksling 1885-1906. Gjennom denne framsyninga ønskjer me ganske enkelt å utforska kunsten å vera venn, med utgangspunkt i brevsamlinga.

«Hva betyr det å være en venn? […] Hvor godt kjenner nære venner hverandre? Hva forstår en god venn intuitivt uten at det behøver å sies?»

Spørsmåla vert stilte i Ine W. Fintland sin innleiande tekst til boka. Som skodespelarar er me vane med å stå på scena i opprivande og lite vennskapelege drama. Ligg det i dramatikkens natur at gode og varige vennskap er sjeldan vare i teateret? Eller kanskje speglar det at slike vennskap er sjeldne?

At dei finst, er breva eit bevis på. Gjennom dialogen mellom Kitty Kielland og Arne Garborg vil me gjerne invitera dykk med i utforskinga av kva vennskapskunst vil seia. Hjarteleg velkommen! 

I all vennskapelegheit,
Nina Ellen Ødegård og Torbjørn Berglund Eriksen

 

Dette stykket vart spelt på Rogaland teater i samband med Garborgdagar 2025, og fekk strålande mottaking.Me fekk mange spørsmål om me ikkje kunna setta det opp på vår scene og det er me glade for å ha fått til.