7. NOVEMBER
20:00
Stein Torleif Bjella – Live 2025
Kjøp billett
Stein Torleif Bjella er ein av landets aller største visekunstnarar, med ei rekke utgjevingar bak seg som til saman har hausta fantastiske kritikkar og skaffa han trufaste fans over heile landet.
2025 starta med eit brak for Ål-poeten, som har utmerka seg som ein av artistane i Hver gang vi møtes. Her har Bjella hausta 6’arar i fleng for sine versjonar av store hits frå artistar som Ina Wroldsen, Carola, Kjartan Lauritzen, Astrid S, Thomas Dybdahl og Jonas Benyoub. Stein Torleif har òg vorte hylla for å vera ein barsk og sårbar mann, som «er akkurat det vi trenger i 2025», ifølge VG. Denne våren legg Bjella ut på turné med sitt eminente band, og spelar for fulle salar på kulturhus over heile landet, pluss to framsyningar på Operaen i Oslo.
Bjella sitt nyaste studioalbum, Nysetmåne fra 2023, fekk strålande meldingar, fylgd av teaterframsyninga Heil Ved, basert på Lars Mytting sin kioskvelter av ei bok. Framsyninga, der Stein Torleif Bjella òg bidreg på scenen, vart spelt for fulle hus på Det Norske Teatret i meir enn eitt år.
Bjella gjorde seg for alvor kjend med solodebuten Heidersmenn?i 2009, og to år seinare innkasserte oppfylgaren Vonde visu Spellemannprisen. Heim for å døy?avslutta trilogien i 2013, med fyrsteplass på VG-lista.
Etter dette har artisten frå Ål i Hallingdal sloppe dei kritikarroste studioalbuma Gode Liv og Øvre-Ål Toneakademi, og laga eit eksperimentelt «spoken word»-improalbum saman med bandet. Han har gjeve ut Bjellasangar arrangert for messing & tre, eit samarbeid mellom Bjella og Kringkastingsorkesteret, og vunne Edvardprisen, Prøysenprisen, Skjæraasenprisen og Bendiksenprisen.
Eg ska kysse so Jesus gret og Psykisk kan du vera sjøl, syng Bjella. I musikken hans møtast ytterpunkta: Eitt auga ler, eitt gret. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg. Personane, skildringane og forteljingane me møter i tekstuniverset var òg inspirasjonen til teaterstykket Kan nokon gripe inn, sett av meir enn tretti tusen, då det vart sett opp på det Norske Teatret i 2017.
Stein Torleif Bjella er i tillegg ein respektert forfattar, og står bak diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1, og romanen Fiskehuset, som begge har hausta strålande kritikkar og kome i fleire opplag. Fiskehuset vart nominert til P2-lyttarane sin romanpris og mottok Nynorsk Litteraturpris. Romanen er til nå oversett til dansk, tysk, nederlands, tsjekkisk og færøysk.