1. NOVEMBER
18:00
Han Innantes utvandringsrevy
Kjøp billett«Han Innantes utvandringsrevy»:
Utvandring frå Rogaland til Amerika, med song, humor og historie.
2025 er 200-jubileumsåret for den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Den blei organisert av Cleng Peerson, fødd: Tysvær, budde i Tysvær, Finnøy og Amerika.
Torolf Nordbø og Arne Nordbø med orkester kjem i denne revyen med ein hyllest til desse som drog over gjennom historie, song og humor. Dei har med seg gode musikarar, og songane kjem i stilartar som me kjenner frå USA; Country, gospel, folk, blue grass og roots – og Han Innante fyller på med humor frå dagliglivet på heimplassen.
Torolf og Arne krydrar revyen med små spanande historier frå eiga slekt som var med i fire ulike utvandringsbølger til ulike delar av Amerika gjennom 200 år. Arne var ein av initiativtaker til å få laga sluppen «Restauration», ein replika av den første båten som starta den organisert utvandringa frå Norge til Amerika i 1825. Den seilte fra Stavanger 4. juli 1825. Nokre av deira forfedrar på farssida deira var med. Den nye «Restauration» skal også reise frå Stavanger til USA 4. juli 2025!
Torolf og Arne er frå Finnøy der Cleng Peerson budde ei stund. Mor deira var også søskenbarn til Alfred Hauge som skreiv Cleng Peerson-trilogien om den første turen i 1825 og korleis det gjekk med dei etterkvart.