FolkerepJaeren_1000x500.jpg

Folkerepublikken Jæren


Henter programmet...

Time kulturskule sin årlege ungdoms-musikal presenterer denne gongen noko så sjeldan som ein humoristisk samfunnsdystopi. I handlinga møter vi den snille og koselege ordføraren i den ny-etablerte storkommunen på Jæren. Det ser rett og slett ut til at det har rabla for han og med hjelp av relasjonar i utlandet klarer han å etablera Folkerepublikken Jæren. Her skal dei gamle jærske verdiane og det gamle jærske språket hentast fram igjen, og mobiltelefonar og datamaskinar er forbodne for alle som ikkje høyrer til styresmaktene. For å verna seg mot «byasane» og fienden i nord, blir det reist ein mur ved Skjævelandsbrua som folket ikkje får lov til å passera…......

Me har «tulla» med eit ganske alvorleg tema. Bak det ligg det viktige tankar. Kva slags samfunn vil me ha? Korleis vil me ha det på Jæren, i landet vårt og i verda? Dette er spørsmål me trur det er viktig at alle menneske, både vaksne, ungdomar og barn tenkjer over av og til.

Kanskje dette stykket kan vera med på å skapa gode samtalar om viktige spørsmål…

Som alltid er førestillinga laga, innøvd og spelt av elevar på 10. trinn som er aktive i Time Kulturskule. Kunstfagelevar har delteke med arbeid til rekvisittar og scene. Manus og handling er skapt av elevar i ei eiga skrivegruppe. Med god rettleiing og førebuing i lag med sine lærarar presenterer ungdomane ein musikal fullspekka med flott song og musikk, dans og skodespel.

Veit du eigentleg korleis ein skal snakka her på Jæren - Eller treng du eit lite kort-kurs i skikkeleg Jærsk ordbruk via ordføraren sin nye språkskule? Du kan jo trene deg på uttalen av følgjande ord før du tek turen for å sjå førestillinga i Storstova: «Skurtrøsjar – Briusand – Vigrest – Onnai – Krettursle – Rennedrev - Giulerøde»