Tre Visne menn og ei Solstråle


Henter programmet...

Tre visne menn … og ei solstråle

lar livet passera REVY!....

Revyen med Nrk-kjendisen John Skien Tor Øyvind Skeiseid, Rita Fotland Bøe, Torolf Nordbø, Han Innante og Hallvard K. Gleppupp er klar for Storstova, Bryne.

Dei har spela revyen sin 20 gonger for 5500 menneske rundt om på i Rogaland.

 

Folk kan gleda seg til ei absurd og jordnær oppleving med musikk, humor og TV-glimt. Her finn ein generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas.

Forutan vanlege stand-up innslag og morosame mimre-samtalar mellom artistane, viser den pensjonerte NrK-kjendisen John Skien oss korte TV-innslag som han har laga for det populære TV-programmet “Norge Rundt”. John Skien er den programleiaren som har vore mest brukt i “ Norge Rundt” og har levert svært mange interessante innslag. Mange hugsar han også som songar frå “Norge rundt” med songen: “Please release me”. Over 1 million sjåarar såg dette innslaget. Før dette “ Norge rundt”- innslaget visste få at John var ein svært dyktig songar med fartstid frå bl.a. danseband på 60-talet. I denne forestillinga syng John Skien mange av dei gamle “sviskene” han song på den tida. Dette gjer han saman med bassist Halvard Josefsen og songar og trekkspelar Rita Fotland.

Jærens eigne Rita Fotland syng også nokre av songane sine.

Rita syng også saman med Torolf Nordbø. Dei framfører mellom anna songar som Torolf Nordbø har hatt høgt oppe på Norsktoppen.

Eit svært gledeleg gjensyn for mange er John Skien sin komifiguren “Halvard K.Gleppupp”. Gleppupp kjem med eige innslag i revyen. John Skien har spela denne komifiguren mange gonger både i Nrk Lokalen og Nrk ,Riks-TV. Figuren var ein av hovudinspirasjonskjeldene til Torolf Nordbø sin humorfigur “Han Innante”. “

Han Innante” dukkar også opp med eigne innslag både aleine og saman med Halvard K. Gleppupp. Alt dette blir sydd saman på ein sers humoristisk måte av tidlegare NrK-kjendisen Tor Øyvind Skeiseid.