Magnus og Tenorane


Henter programmet...

Også i år får Bryne besøk av Magnus Staveland og hans vener i gruppa Tenorane. Det er difor duka for fire tenorar i Storstova i desember.

Det fine med å koma heim med julekonsert så tett opp til jul, er at eg i alle fall sikrar mi eiga julestemning, smiler Staveland, tenoren frå Bryne.

Også i år blir det ein konsert spekka med høgtidsstemte og svingande julesongar, og det blir også rom for ein del sprell i kjend Tenorane-stil.

Staveland kan også love at det blir nokre gåvedryss i form av gjester. Desse ønsker dei å halde innpakka til konsertdagen.

Tenorane vart stifta i 2011 av medlemmene Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan.

Dei siste åra har dei jobba tett med den prisbelønte pianisten Steffen Horn, og han kjem også til Bryne i år.

- Tanken er å lage ei vakker og koseleg stund som gjer at publikum gløymer stress og mas og får den rette stemninga til jul. Velkommen skal de vera, avsluttar Staveland.

 

Varighet ca 80-85 min