Did you hear about the Morgans? En helt vanlig dag på jobben Iron Man 2 The Twilight Saga: Eclipse Prinsessen og frosken Daybreakers Robin Hood Dragetreneren

Aldersgrenser

Aldersgrenseskalaen i § 5 har følgjande inndeling:

  • tillaten for alle (A)
  • 7 år (barn ned til 4 år i følgje med føresette)
  • 11 år (barn ned til 8 år i følgje med føresette)
  • 15 år (unge ned til 12 år i følgje med føresette)
  • 18 år (absolutt nedre grense)

Prinsippet om følgje med føresett
Prinsippet om følgje med føresett, som går ut på at føresette over 18 år kan ta med seg barn som er tre år yngre enn ei gjeven aldersgrense, er komme i stand for å gje medråderett og ansvar til dei som kjenner barnet eller ungdommen best. Det er vanskeleg å laga generelle kategoriseringar av barn eller ungdom i samfunnet. Barn og unge kan vera svært ulike kvarandre innanfor den einskilde aldersgruppa. Difor legg lova opp til at dei føresette, i siste instans, skal vurdera om filmen er passande for barnet eller ungdommen.

Innhald henta frå: Medietilsynet