Bryne Mølle


Bryne Mølle ligg sentralt til i nedre ende av storgata, midt i Bryne sentrum.

I Bryne mølle finn du galleri med samling av Andreas Bøe sine kunstverk i 2. etasje, og i 1. etasje Sekkelageret og Kafeen. Sekkelageret og Kafeen kan leiges av organisasjonar, private eller bedrifter til arrangement. Sekkelageret har plass til 150 personar. Kafeen med kjøkken har plass til 100 personar.

Adressa til Bryne Mølle er: Reevegen 1, 4340 Bryne. Innkjørsla er ved kjøpesenteret M44, og du må heilt forbi Felleskjøpet for å komme fram.

For meir informasjon og bestilling av Bryne mølle ta kontakt med Servicetorget i Time kommune tlf 51 77 60 00

Mølla2.jpg